tysdag, oktober 14, 2008

Lopper i bruk....

No kan de jo få sjå at eg faktisk brukar alle loppene eg dreg i hus...hihi...her er bordet og stolane til vetlatrulto. Dei er flittig i bruk kvar dag, ho dreg rundt på stolane og flyttar på bordet heile tida...skal tru kven ho har arva denne "flyttegalskapen" av...??


Desse zink-skålene vart òg med meg heim, men av frykt for at dei kanskje er gamle bekken (til å tisse i)?? uff og nei... så står dei foreløpig ute...Tenkte eg kunne pynte litt på trappa med dei til jul...hmmm Med litt kongler, mose og slikt oppi... men akkurat no ligg det steinar i, rett og slett for at dei ikkje skal blesa avgarde...(hausten er komen hjå meg...)

Her er òg ei loppe i bruk, eg fant nemleg ei gammal ramme...den er litt stor og litt shabby hihi, men det likar eg...No har eg sett inni ein bit tapet (som eg fekk av den snille store-systra mi!! Tusen takk!!). Så har eg klippt ut to fuglar i eit gåvepapir...same som på boksen i forrige innlegg... Skal få vera slik ei stund, så får eg sjå om eg kjem på noko anna lurt å ha i ramma seinare...

Og frå det eine til det andre...haha...NO gledar eg meg slik til jul!! Hausten har for alvor sete seg fast hjå oss og marsipanen er komen i butikkane, sjølv her inne i avkroken av Noreg...hihi...Eg synes berre det er kjekt eg...Kanskje eg ikkje skulle sagt det, men EG synes ikkje jula byrjar for tidleg! Halve gleda er jo å gleda seg...ikkje sant?? Og jo lenger ein vert minna på om at jula ikkje er langt unna, jo lenger kan eg glede meg..tjhi..!!

No ynskjer eg meg ei flott julebok eg kan krype ned i sofaen saman med...Kanskje det er nokon der ute som har eit godt tips til ei bok med gode, lure og smarte idear til jul?? På tide å byrja å førebu seg veit du....

Ha ein herleg haust der du er!! Og nyt den i fulle drag...! Men marispan kan du vente med å kjøpe til desember...berre sjå på den...og nyt!

So long!!

9 kommentarer:

Tove sa...

Dersom du treng boktips til jul, så må du ta ein kik på bloggen min! Der har eg eit innlegg om bøker, bl.a. boka om franske julestemningar (får den på www.lunehjem.no) og også Lexingtonboka har fantastiske julestemningsbileter!

Brit. (lille meg) sa...

Jeg skjønner du kjøper ikke noe unødig. Så flott at du bruker de tingene du har kjøpt, artig å se at de kommer til sin rett!

Jul,--HUFF!sier jeg. Jeg er visst en av de få som ikke gler meg til jul.
Det er ikke det samme lenger etter jeg ble alene.....
Men heldigvis går også juledagene fort, og så blir det nytt år, og "sola har snudd" og vi kan begynne å lengte mot vår etterhvert........
Ha en fin dag!

Sologbolig sa...

Hei. Deg har eg visst ikkje vore innom før. Dette var ein koselig blogg. Alltid kjekt å ordne og ta i bruk ting som ein har kjøpt på loppis eller andre stader. Eg og likar godt glas i ulike fassongar, men har ein forkjærlighet for dei gamle Norgesglasa. Ha ein fin kveld!

Vår lille hage sa...

Så kult det du gjorde med bilderammen. Det skal ikke mer til...
Kjempefint !

Klem Simmas Hus

Haust sa...

Så kjekt å sjå dei fine loppene i sitt nye miljø! Ramma var jo heilt super!

God tysdagskveld...

mali-mo sa...

Så fint det første bildet med de nygamle stolene og bordet var! Og duk er kommet på bordet og ser jeg ;)

Vet du, jeg gleder meg til jul jeg og! 1 november har jeg gitt meg selv lov til å begynne forberedelse. Da skal jeg begynne på julekalender jeg skal lage til Amalie, har tenkt ut AKKURAT hvordan den skal se ut, så det gleder jeg meg til ;)

Therese sa...

Så lenge det ikke er håndtak på dem så kan du nok ta det med ro. Bekken har alltid hatt håndtak på seg og ikke er de så dype heller :)

by Siv sa...

Så utrolig mye fint du har funnet på loppis :)
Du får det i bruk med en gang du... Har slikt barnebord + to stoler til mine små, de og drar det med overalt hehe
Ha en finfin kveld
*siv*

Rosa sa...

Så flink du er å ta loppene i bruk. Men endå meir flink med kreative innslag som pyntar opp i heimen! Som f.eks. tapet og små fuglar i ramme - kjempefint!

nyt haust(inne)vèr og joleførebuingar i det små ;)