søndag, oktober 05, 2008

Loppisliv...

Denne helga fekk eg endeleg gå på loppemarknad! Jippi! Eg har gledd meg heilt sidan forrige helg..det er kanskje ikkje så stort for mange detta, men eg er nemleg ikkje så heldig å bu slik til at det er lett å gå på loppis (det er ikkje nokon i område...merkeleg..) Men no var det min tur...
Herleg! Det er heilt topp når ein endar opp med faktisk å finne noko... Ovafor her er nokre dyr til vetlatrulto..litt impulsar frå Afrika må til...


Eit herleg dyr til å dra etter seg...synes at denne var så fin...


Og no må alle med "nips-fobi" lukke att augene...for eg enda faktisk opp med ikkje berre EIN men TO ulike nips-figurar av hjort/rådyr....Synes desse er utruleg fine (faktisk)!! Minner meg om alle desse fine trykka som finnes på ulike stoff ute i den store verda... litt nostalgi kanskje...? Tjhi...Ikkje veit eg kvifor eg plutseleg har fått slik ein hang til hjort...(har ein knagg med hjortehovud òg...) Men dei har iallefall fått plass i stova....no manglar eg berre horn på veggen...(kanskje eg skal spørje naboen?? han går visst på jakt...?? Hmmmm.....)

Blant andre ting og tang som eg skal visa i eit anna innlegg fant eg dette utruleg søte bordet med stolar:
Det er litt malingflekkar på det, men pytt, eg pussar litt og flikkar så blir det bra... Trur faktisk ikkje eg skal male det! Det skal få vera raudt (ei stund iallefall)...det var så søtt med fine små blomar på sete og bord...Og vetlatrulto vart utruleg glad! Ho sette seg på stolen og hadde kveldsmaten på bordet (etter at det var vaska og skurt, sjølvsagt...) og var så kry atte... og når eg seinare på kvelden skulle flytte eine stolen, så trudde ho visst eg skulle ta den frå ho, og ho var rasande sint, og klamra seg til stolen!! Men heldigvis for ho (og meg) så er det hennar til odel og eige...Jippi!

Dei andre funna skal eg vise i eit anna innlegg...

Ha ein flott sundag!!

8 kommentarer:

Den gode feen sa...

Dååån dååån dåååån. Dei hjortane hadde eg eksplodert av lukke over å finne. Dødsmisunneleg!!!! Du er knallheldig! Eg har ikkje vore på eit einaste loppemarked på evighetar, og kjenner eg lengtar etter lopper :) Ha ein fin søndag din heldiggris ;)

Rosa sa...

Bordet og stolane var kjempesøte, ja! Hjortenips....er ikkje heilt meg foreløpig, men når nye eigarar ver lukkelege er jo ingenting betre.

Var kjekt å treffe på deg - stod og lurte ei heilt stund før eg vart sikker ;)

God sundag!

Tea Kristin sa...

Loppis er gøy! :D Bordet og stolene er kjempefine, og det samme er nipsfigurene!! Søte! :D Ha en super søndagskveld!

GundaM sa...

Jøsses, så nydelige de hjortedyrene var da!

og den butikken nedenfor ehr, synd en bor så langt unna ;0)

takk for titten;)

Brigg sa...

For noen funn!! Og de hjortene var jo helt fantastisk!!! Har to små bambier selv, men ikke så fine som du fant der! og bordet.. og lekene! ajaj:-)

Brit. (lille meg) sa...

Du har fått noen skatter der.
Artig å gå på loppis. Det er ikke så mye av det her jeg bor heller, men jeg kan ikke si jeg er hekta, så jeg har ikke savnet det.
Jeg får assosiasjoner når jeg ser det hjortehodet.
Min farmor hadde 2 hjortehoder av krus hengende på veggen på loftet da jeg var liten. Jeg husker at jeg syntes de var litt skumle, og ville ikke se på dem.....
Hvor de ble av, aner jeg ikke.
Ha en fin dag, og en god uke!:)

mali-mo sa...

For et flott loppis du har vært på da!!!! Misunnelsen strømmer mot deg, kjenner du det!!!! Hadde gjerne kjøpt akkurat de tingene du har kjøppt, likte alt sammen. Eg og vil!!!!

Denne helgen har eg vært slått i bakken av tidenes høstforkjølelse, men kjennest ut som det letter litt no.


God ny uke!!!

Anonym sa...

Herlige barnestoler og bord! Har en barnekommode som ser ut til å komme fra samme serie (akkurat samme dekor/farge/stil). Den ble jeg fortalt da jeg kjøpte den i leketøysbutikken at den var håndlaget på et fengsel i Stavangerområdet. Synes det er spesielt artig med ting som har en spesiell historie bak seg.