fredag, juli 02, 2010

Då var me tilbake...

Då var turen til Oslo ferdig i denne omgang, det gjekk vel omtrent som forventa på sjukehuset. Det er rart, sjølv om sjukepleiarar og dei som jobbar på eit sjukehus gjer alt dei kan for å vera blide og kjekke, så hjelper det veldig lite...sjukehus er IKKJE kjekt!

Men sidan eldstejenta på ingen måte er sengeliggande så har me det ganske travelt når me tek turen over fjellet. Så utsvelta så me er på butikkar og kjøpesenter er det herleg å nyte litt byliv ei lita stund. Me var på kafè...kjøpte kake på Deli de luca som me åt på senga...og shoppa masse!


Og når me kom heim hadde vetla dokkemor på ingen måte lidd noko nød, ho fortalde høglytt at ho hadde fått "sokoladeskjeva" til frokost kvar dag og køyrd med lastebilen til pappa og fått bolle og juice...haha. Det nyttar ikkje å halde noko skjult med ein treåring i hus...

Ein liten ting til dokkemor vart det òg på turen, blant anna desse fine treperlene kjøpt hjå Søstrene Grene...nydelege fargar, og akkurat passe vanskeleg til å halde ho oppteken ei god stund...hihi. Den fine nistboksen frå Blafre design vart også med heim...



Denne gongen vart det ingen interiørbutikkar på meg, storebror og far i huset fekk litt nytt til sommar garderoben...og det gjorde eg òg...

Men det vert ikkje siste bytur i sommar! Eg har planar om fleire småturar...men då i litt kjekkare omstendigheiter..

Vil takka alle som kommenterte så fint til meg på forrige innlegg, så koseleg å høyre frå dekan der ute!
No skal eg ut å male resten av dokkehuset (spørs om eg blir ferdig men..).

Ha ein herleg kveld!

3 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Fine skattar frå tigerstaden! Søstrene Grene er jammen eit eldorado, var innom der i København no i vår!

Godt sjukehusopphald er over for ein periode. Det må vere spesielt å leve med kronisk sjukdom i huset - vanskeleg å sette seg inn i. Tøffe tak, heilt sikkert!

Godt de kan gjere noko spesielt ut av turen òg, tenker det må gjere det lettare for dykk!

Flott at du skriv personleg om vanskelege ting - bloggane skal ikkje berre vere solsida - ikkje sant?

God fredagskveld til deg!

s h i n e d e s i g n sa...

Godt å høre at turen til sykehuset gikk som forventet og at dere fikk kost dere litt også! Perlene var veldig søte. Så flott at du ville dele noen sannheter med oss. Jeg har fulgt bloggen din en god stund og kan vel kalle meg en trofast leser her hos deg ;-) Kos deg med malinga av dukkehuset og god helg til deg og dine!!

Anonym sa...

søstrene green må jeg se om har flatpakkede og null gram i vekt også på denne turen hjem til Norge - det er ikke SÅ mye en kan ta med seg på flyet etter en hel sommer i fire årstider/ sommerene som kan være i Norge...MEN jeg skal gå å se - disse tre "perlene" veier jo ikke så mye...
Fint at dere hadde ein kjekk tur!!