søndag, juli 06, 2008

Ei helg er over....

Etter ei kjempekjekk helg med besøk i hagehytta, seine kveldar ute i hagen med vin og god mat. Og ikkje minst med sol og varme....ser det omtrent slik ut ute hjå oss no...: (men dette bilete er teke på veg heim frå Osloturen vår..) Eit forrykande regnvêr med vind! Skulle ikkje tru det gjekk an....
Då er det godt å koma inn til mitt kjære ny-oppussa kontor som har blitt så fint og lyst...

Men for all del, me er IKKJE ferdige med oppussinga vår enno... Og i kveld var me langt frå å byrje på noko som helst, heilt til eg fekk tak i ein flik av tapeten...Ja, så enkelt kan det gjerast jenter! Berre ta ein flik av tapeten og røsk til! Så byrjar du berre nett litt til og litt til... tilslutt har mannen i Noralill-huset kome seg på beina og byrja han òg! Så når kvelden no kjem har me rive ned all (den grusomme) tapeten i stova og plukka ned eitt tonn med bøker frå bokhyllene og flytta rundt i heile stova og vips er me i gang! I morgon vert det å blautgjera heile veggane og skrape av den siste papirbakgrunnen på tapeten (det som heng att på veggen). Høyres det kjekt ut!? Det er kanskje den verst jobben, men snart snart kan eg male og snart snart er golvet på plass...!! Eg gler meg så veldig at eg trur ikkje eg treng å sova...kan berre riva litt til....( og for meg kan det berre regne nokre dagar til..hihi)

Takkar masse for fine kommentarar på forrige innlegg! Eg spurde fint eldstejenta om det var greit at eg fortalde litt om ho på bloggen min...Og det var visst heilt iorden...Me har faktisk pussa opp rommet hennar òg innimellom alt! Eg har så masse eg må vise bilete av no at eg veit ikkje når eg skal få tid...tjihi...Men det er jo dette som er kjekt!

Men no skal eg i seng...natti natt!
Klem

4 kommentarer:

Tea sa...

Hei hei! Lykke til med oppussingen!! :) Blir spennende å se resultatet! :)

Klem :)

Rosa sa...

åh, det høyrest morro ut å flekke tapet - ikkje fullt så morro å skrape restar.. Håpar me får sjå litt før og etter bilder ;)

Aldeles nydelege roser på kontoret ditt!

Ha ein fin regnversdag :)

posidriv sa...

Kontoret ditt ser berre så lekkert og innbydande u! Eg gler meg til å sjå resultatet av oppussinga de har på gang! :)

Blåbærpai sa...

Her inne bobler det av energi og arbeidslyst!!
Alt du får tid til! Vert kjekt å sjå bilder frå arbeidet!
HA ein flotters aften!