søndag, juli 20, 2008

Endeleg...!

Ja, då var golvet lagt og mannen i huset utsleten og mora skikkeleg lei av å springe etter vetla- trollet..... Men akk sååå utruleg glade me er for at me er ferdige!! Eller det gjenstår listing og litt anna småplukk her og der, så sjå vekk frå det på bileta...men det skal me gjera i ro og fred. Det er heilt utruleg kor mykje rot og skrot ein klarar å produsera i ein slik prosess!

Mannen i huset har lagt golv medan eg har sprunge rundtomkring å passa vetlatrollet og laga middag og køyrt opp og bort og hit og dit på større tenåringar.... ALT for at mannen skulle få fred til å gjere dette ferdig... Og det tok strengt tatt berre ein og ein halv dag (!)
Me er ganske nøgde med resultatet, det vart ei herleg, lys og lett stove med sommarkjensler langt inn i margen... (men alle detajar er enno ikkje heilt på plass...det hender eg har både puter på benken og litt pynt på bordet..hihi, men eg hadde det vel litt travelt med å få fotografert...)

Golvet er laminat frå IKEA og heiter Tundra (kvit)... Det endrar litt farge etter lyset... og er ikkje fullt så blankt som det ser ut her...(obs, manglar list under døra...kremt...). Og som den praktiske husmora eg er, så vart golvet valgt utelukkade på grunn av at det var berre her eg fant den fargen eg leita etter...Lys grå hadde òg passa fint, men det fant eg ikkje i noko butikk...(merkeleg?)

No håpar me berre på at det ikkje byrjar å flasse av....


Me legg filtputer under alle møblane og listar oss stille over golvet (hihi)
Nærbilete av eit herleg fat frå House doctor som er kjøpt på Patina...

Me reiser avstad på ein liten ferietur i morgo, og overlet huset til eldsteguten som har sommarjobb og må vera heima... (han har fått filt-tøfler...hihi) Han gler seg stort over å få huset for seg sjølv. Med forvissing om at besto og besten berre bur 500 meter unna...(godt for mammo og pappen iallefall) trur eg han klarer seg bra, flotte 17-åringen vår!

Kvar turen går veit me ikkje før me sit i bilen, kanskje aust, kanskje sør....hmmm

...og kanskje eg klarar å blogge litt frå mobilen?? Så de høyrer frå meg her inne...hihi...

Ha ei fin veke!! (PS NO kjem sola!!) Klem

8 kommentarer:

posidriv sa...

Det vart skikkeleg lekkert! Nydelege bilete! Likar forresten det lyseblå bordet ditt kjempegodt! :)

God ferie!

Blomster i hagen sa...

Ståvo vatt kjempe fin dan jo, gjorde seg med nytt golv, skal være enig i da. Såg ut som ei skikkelig sommerstuga! :-)
Gleder meg til å sjå ho når me kjem bortover.

Takkar for kommentarer på min blogg, morro å lesa. Eg legg inn litt linkar, så får ein heller sjå ka som skjer...

Ha ein flott ferie, de fortjener litt fri no. Hels dei andre tre på tur.

Blåbærpai sa...

*misunneleg* Det vart kjempefint og du verda kor stilig stova di er!!Utruleg gjennomførd ser det ut til!

De må ha god ferie og eg tenkje storebror kosar seg glugg i hel aleine. Berre hugse å leggje fram maaange par med tjukkelabbar til gjestena hans..hihi..for å unngå merker på golvet;-)

Rosa sa...

Det vart knalfint! Skikkeleg sommarstove, sjølv om slikt småplukk har ein tendens til å henge att ;) Flink mann du har!

Det ligg ein liten sak til deg i bloggen min, men den får du sjå når de kjem att - god ferie!

Lille meg sa...

Ja, dette kan dere virkelig være stolte av! Det ble veldig flott!
Og nå er dere på en velfortjent ferie. Håper dere koser dere, og at sola iallfall titter fram en gang i blant.
God ferie, - på etterskudd!
Kos dere!

Hulda sa...

Åh, så lekkert rom!! Nydelig golv dere har lagt. Likte så godt det lyseblå bordet. Alt så så rent og fint ut. Nydelig!

Srinsessa sa...

Hei,

En liten hilsen fra venninno til "blomster i hagen" og Hemsedal, Naxos og New York-reisepartner til deg :-)
Kjempefine bilder du har lagt ut, og en utrolig koselig sommerstue.

Anonym sa...

Flott golv :) Kvitolja ask gjev nesten same utsjånaden...men er vel litt seint no :)