onsdag, juli 16, 2008

Raude vitaminbomber!

Me er så heldige å ha eit lite kirsebærtre i hagen, som de jo veit. Og no var det tid for hausting! Mørke raude spregnmodne frukt hang freistande i treet...Eg berre elskar å plukke bær! Det er rekreasjon for både sinn og sjel.... Og når eg plukkar bær så senkar roen seg og eg får fred (ja berre prøv sjølv, det er sant!)
Men akk, eg har som sagt ei veeeldig aktiv trultemor her to steg bak.... og når mor hadde plukka spannet fullt og berre nett måtte snu seg vekk (inn å hente jakke) i mindre enn eit halvt minutt. Ja, så skjer dette:


Eg hadde sjølvsagt plassert spannet oppå ein mur i (trudde eg) god avstand til små bornehender...Men når eg kom ut att, stod den vetla trulto der og smilte over heile fjeset, med raud trutmunn og ein herleg latter! Ho hadde velta heile spannet og hadde hender og munn fulle av raude sure bær!...Ein kan jo ikkje verta sint heller....

For det er verkeleg freistande når ein ser på den fine fargen....

Når me fyrst snakkar om bær, så har eg vore så heldig å fått tak i 4 kasser jordbær i år! Jippi! Eg trudde nesten me måtte klare oss utan, for eg har høyrt det var sånn mangel på jordbær i år.... Men neidå, innimellom maling (og desperat rydding i ei kaotisk stova...), og ekstremvakthald på vetlatrulto....så har eg sylta alle jordbæra! Eg kokar aldri bæra, eg berre rører dei. Reinskar, deler i to og blandar i sukker og litt frysepulver, og rører i veg til sukkeret er oppløyst.

Mi oppskrift på ca 2 kg bær:

300g sukker

1/2 pose Certo frysepulver

Og her i huset får denne sylta verkeleg bein å gå på gjennom heile den kalde vinteren...



Kirsebæra (eller det som er att...hihi) ligg trygt i frysen, dei ventar eg med til eg har plukka litt andre bær òg. Så når eg har tid ein gong før jul brukar eg å lage saft...

Ja, ingen kan vel seie at eg ikkje er ei skikkeleg husmor!! Hihi..(synes eg høyrer latter ein stad...hmmmm)

Ha ein fin dag!

4 kommentarer:

Rosa sa...

Du verden for ei husmor!

Nydelege raude bær, og syltetøyet såg himmelsk ut. Skjønar godt at veslemor ville smake :)

Hemmafruns hörna sa...

Å, så gott det ser ut! Jag önskar jag hade ett körsbärsträd i min trädgård också. Håller med om att plocka bär är något av det mest rogivande som finns. Den freden behöver du nog, med små barn i huset...

Blåbærpai sa...

Må seie: MMMMmm! Nok ei gong her!

Nyrørde jordbær er yum yum!

Her Har eine guten min faktisk plukka kirsebær treet vårt i dag .Det vart ikkje so mange bær men eg har planar om å koke sukkerlake og leggje dei på glas i morgon..dersom eg får tid..hihi!
Kniser litt av den raske snuppa di!Ho er no søt då som likar slike suuure bær!
GOD HELG!

Brit. (lille meg) sa...

Å! Dette ser godt ut!
Jeg måtte smile litt av lille trulte som forsynte seg av kirsebæra.
Og det er nok sant som du sier, det går ikke an å bli sint.
De små kan sjarmere en i senk...
Godt at du fikk reddet resten da.