fredag, juli 11, 2008

Tusen takk Lille meg for denne awarden!! Det er utruleg kjekt å få ei påminning om at det faktisk er nokon der ute....(?) Rart å sitje slik i sitt eige hus og plutseleg "kjenna" litt av livet til andre på heilt andre kantar av både landet og kanskje til og med verda! Eg er vel ikkje åleine om å synes at internett er ei fantastisk oppfinning!!? (Brukt med fornuft, vel og merka....)


Her hjå oss er det travle sommardagar! Stova er ikkje klar enno, og bilete lyt difor venta...men me driv på (sjølv om eg er ei utolmodig sjel går det ikkje fortare enn det gjer....det er visst viktig at ting og tang tørkar(!)).

Men medan eg ventar på det har eg mi fulle hyre i å hindre vetlajento i å eta reint kirsebærtreet i hagen! For ikkje å snakke om ripsen! Den busken er allereide tom...No var den veldig liten då, men akk, den jenta let seg ikkje stoppa av litt vêl sure bær! Ho knaskar i veg på alt ho finn på bakken, og strekker seg alt ho klarar for å prøve å nå tak i ein sur fristelse.... Og då går alt ned, både stein og bær...huff og huff for ei mor eg er...Men eg har altså prøvd å plukke reint dei nederste greinene...Skal prøva å finna nokre andre søte bær utan stein ho kan knaske på....

På bilete over kan de skimta ei lita linselus... Eg har for tida flytta ned frå den vanlege uteplassen, og parkert både eit bord og stolar rundt kirsebærtreet (for å halda vakt)...hihi...

Men eg driv med litt andre syslar i varmen òg...No må eg be svigerinna i Oslo om å halda for augene, eller klikka seg fort vidare til neste blogg...hihi...


...JA! Eg har mala den gamle kjøkenbenken (eg fekk eigentleg ikkje lov...!)! Eg må berre tilstå...den har stått i garasjen min i minst 7 år(!), Og no ville eg bruka den til noko fornuftig...så medan alt tørkar inni stova, så mala eg denne kjøkenbenken. Den har stått i det gamle kjøkenet til bestemora til min kjære mann...Og er laga av bestefaren eller onkelen (dei lærde strides om kven....?)

Men fin er den iallefall....eg tok vare på litt av den spesielle raude fargen på innsida av dørene...inni skapa malte eg med turkis farge, synes det vart ein fin kombinasjon...

Den har no altså fått hedersplassen i hagehytta vår! Og den passa utruleg godt inn!! Eg vart så kjempeglad!
Den har ein fin gammal oppvaskkumme nedfelt i benkeplata... Men i hytta har me foreløpig ikkje vatn...men kanskje ein dag??

Til helga vert det litt oppussingspause hjå oss, me skal i hageselskap til storasysto! Og håpar, krysser fingrar og tær for litt sol!! Nett no regnar det nemleg her...

Eg er utruleg glad for alle dei koselege kommentarane eg har fått!! Tusen takk alle saman!! Ha ei fin helg alle som kikkar innom!

6 kommentarer:

Hulda sa...

Virkelig en nydelig kjøkkenbenk! Du gjorde rett i å male den. :) Herlig!

Lille meg sa...

Så flott det blir hos deg!
Jeg er enig med deg med dette om internett....Det er litt skummelt også, men brukt med fornuft er det en fantastastisk oppfinnelse.
Vet du, det var egentlig den første awarden jeg tiltenkte deg, den brilliante awarden, men det er helt i orden. En award er en award, og you make my day too, så det er greit. Den er iallfall vel fortjent.
Lykke til med oppussingen videre, - og ha ei god helg!

Blåbærpai sa...

Den kjøkken benken var veldig fin og kledde den nye fargen! Den raud fargen som er inni, kjenner eg godt..alle kjøkken skåpa mine hadde den fargen når me flytta inn i vårt hus.
Hihi, du har di fulle hyre med frk.kirsebærspisende linselus forstår eg! For ein luksus for ei lita snuppe,å plukke "nam" rett av busken og treet!
Kos dykk på besøk i helga!

posidriv sa...

Å, for ein nydeleg kjøkenbenk!!! Den vart knallfin i kvitt! :)

Ha ein fin sommarlaurdag!

svigerinno i Oslo sa...

Må innrømme at den blei fin som malt, pass berre godt på den. Kan hende eg hankar den inn ein dag :-)

Hemmafruns hörna sa...

Vilken fin köksbänk! Å, så glad jag blev bara av att se på bilderna! Såg att du kikat in hos mig, så nu fick jag chansen att upptäcka din fantastiska blogg! Tack!