laurdag, juli 26, 2008

Heime!


Me har ikkje vore vekke så mange dagane, men det verkar som ei evigheit når ein kjem heim... Det synes eg alltid når ein har vore på tur! Når ein er heime går tida så fort, men på ferie går tida akkurat passe seint...Ekstra godt var det å kome heim til nye fine golv! Det trur eg vetlatrulto synes òg, for i nokre timar den kvelden småsprang, trippa og dansa ho over golvet tydeleg glad for å vera heime. Og med storebror hadde det godt fint (og med golvet...hihi) åleine, han likar å ha huset for seg sjølv nokre dagar, men kjekt er det når me dukkar opp att òg....
Etter nokre dagar på hotell med gode (winerbrød(!!)) frokostar der me kan velja i alt mogeleg, er det godt å endeleg starta dagen med noko litt "lettare"... Eg har ei stund no laga min eigen frokostblanding som er veeeldig enkel:

Havregryn (lettkokte små)
sesamfrø
solsikkefrø
rosiner
tørka banan (knust)
valnøtter (hakka)

Eg brukar ikkje mål, berre lempar oppi til det ser godt ut! Det er sjølvsagt mykje anna du kan ha oppi òg. Dette er uansett ein knallgod start på dagen for alle! Men hjå oss er det berre eg og eldstemann som hiv innpå med energi-blandingen....Med mjølk på sjølvsagt...(eller cultura...? kanskje..?)

Men verkelegheita innhenta oss fort her i heimen... Lister i laange banar... Eg malar og mannen spikrar dei opp...Me gjer oss ikkje før me er HEILT ferdige! Veldig fort at småplukk vert liggande for lenge om ein ikkje gjer det ferdig med ein gong...

Det var forresten kjempekjekt å blogge frå mobilen! Anbefalar alle som ikkje har prøvd om å prøve det! Kjekt og utruleg lettvint!

Tusen takk for alle kjekke kommentarar på stova vår!! Ha ein solfylt og varm morgondag...no er det kveld for meg...nattinatt!

4 kommentarer:

Rosa sa...

Du verda så mykje fint de har sett på turen - både innomhus og utandørs! Og så er det jo så godt å reise litt, for då ser ein kor godt det er å komma heim. trur nok dei minste set like stor pris på det, å kunne vandre der dei vil, i eige tempo med eigne leiker.

Og du hendelse for ein effektivitet - og veldig lurt! Småplukk er lett å gløyme :)

Tove sa...

Den frukostblandinga skal eg jammen prøve! Forresten, det ligg ein award og ventar på deg inne på bloggen min!

Lille meg sa...

Velkommen heim fra ferie!
Ja, jeg sier som deg, borte bra, men hjemme best!
Det er godt å komme bort litt, men det er enda bedre å komme heim igjen.
Dette med mobilblogging kan jeg ikke. Kan du lære det bort? Jeg skjønner jo at jeg skal ta bilder med mobilen, men skjøner ikke hvordan jeg får de inn på bloggen, og langt mindre skrive noe ved siden av......
Nei, det er mye jeg ikke skjønner, jeg er nok for dum.
Men jeg tar bilder med kameraet når jeg er på tur, og setter de inn når jeg er kommet heim igjen....
Og du, den frokostblandinga høres veldig god ut! Den må prøves ut en gang....Takk for tipset.
God søndag til deg!

Rosa sa...

*host* Må berre minne på denne http://rosaunivers.blogspot.com/2008/07/drymestolar-og-award.html :) God sundagskveld!