torsdag, oktober 15, 2009

Kveld

Eit lite livstegn frå meg i kveld. Synes ikkje eg får tid til å oppdatere ofte nok, eller kikke innom alle dekan der ute i bloggverda... Men som kjendt så går alt opp og ned her i livet. Ihvertfall i rykk og napp, slik er det iallefall med meg.

Men eg kosar meg når eg får tid til å sjå gjennom bilete og styra litt med fotoapparatet, og ikkje minst blogge litt! I kveld har eg teke bilete av ein liten haust"pynt" på bordet. Eg eksperimenterte litt med kamera, og enda opp med to ulike ljosnyansar...spennande å leike seg litt!
Beinrestane er frå ein auksjon tidlegare i sommar, den største kongla kjem heilt frå sommarferien i Danmark, og dei andre konglene frå skogen rundt huset. Og sinkfatet har eg fått/el lånt av mammo....

I ettermiddag har eg og dokkemor rusla rundt i hagen, me har vore ein tur bort til nabohesten og snakka med fleire av nabodamene. Det er så kjekt å bu slik at alle kjenner alle...og husa har namn. For det har dei her hjå oss...Bente sitt hus, bestahuset, Thomashuset osv...det er sjølvsagt vetla dokkemor som har namn på husa, men kjekt er det iallefall.

Ynskjer alle som ein ein koseleg haustkveld.

7 kommentarer:

Marte sa...

Dette var nydelig! Akkurat sånn jeg liker:)
kjempefine bilder du tar!

Koselig med navn på husene, sånn er det der jeg vokste opp også:)

Litt tidlig, men sier god helg:)

Charlotte sa...

Så fine høst-billeder. Det er flot at tage lidt af naturen ind i huset.
Vi er netop kommet hjem fra nogle dage på landet - og har taget en masse kogler og gode ting med hjem fra naturen. Det er så hyggeligt.
Nydelige billeder du har taget!
Ønsker dig en flot høst-fredag.
Hilsener fra Charlotte i DK.

Haust sa...

Vakkert og stemningsfullt! Trur eg må ta turen ut i skogen og finne kongler. :)

God helg!

Karen sa...

Hei - dette høyrest kanskje litt stalker-aktig ut, men eg sit og lurer på om du rett og slett bur i barndomsheimen min....? Eg har nemleg budd i denne bygda, og synest det er så mange ting som minnar om huset vårt:). Bortsett frå at alt ikkje var kvitt på 70-talet. Kanskje tek eg også heilt feil...:) Bloggen din er i alle fall veldig fin og inspirerande!

Viss du har lyst, kan du jo sende meg ein mail! Helsing Karen Adressa er:
kma-kvaa@online.no

Jannicke sa...

Nydelig høststemning! Kongler er flotte å dekorere med ;o)
God helg :o)
J.

Anonym sa...

Synes du har en kjempefin blogg :-)

mi-rachel sa...

så utrolig koselig å ha navn på husene. veldig stemningsfulle bilder.