søndag, oktober 18, 2009

Litt juleførebuingar...

Dette vart resultatet av papir-inspirasjonen min. Eg har laga pakkelappar til jul! I år kjem det kanskje ein pippipp på ei pakke nær deg...hihi..


Når eg lagar pakkelappar må eg tenke at forma er enkel, sidan den skal klippast ganske mange gonger. Utolmodige meg synes to gonger er mykje (!), for å få EIN fugl. Fyrst teiknar eg forma for fri hand, så klipper eg den ut i litt stiv kartong, denne gongen brun (sidan det var det eg hadde...). Så klipper eg fuglen i det fine papiret og limer utanpå, vips ein pakkelapp med personleg vri...

No gjenstår berre pakkene. Og sjølvsagt papiret...trur eg leitar etter noko einsfarga papir i år...hmmm nokon som har sett noko fint??
Det kan jo hende at enkelte julesjeler der ute saknar litt julestemning på fuglane mine, men eg får jo julestemning berre med å tenke på jul medan eg lagar dei! Eg treng ikkje bestemte fargar eller mønster...dette vart uansett pakkelappane mine i år.
Eg har faktisk kjøpt mine fyrste julepakker i helga. Er superkry for at eg faktisk er igang! Tre pakker er på veg i posten, kjøpt på nett sjølvsagt...hihi. Og det vert nok fleire netthandlingar framover, eg leitar berre etter knallgode norske nettbutikkar. Tek gjerne imot tips...
Men no er det snart ei ny travel veke, ynskjer alle ein flott kommande måndag!






9 kommentarer:

stinetid sa...

åj for en lur liten ide - takk for inspirasjon til juleforberedelser:)
Hilsen fra stine

Jannicke sa...

..flotte lapper!
jeg tror gråpapir ville vært det rette til disse lappene,
evt glanset hvitt papir... :o)

Netthandel er kjekt!
Et lite julegave tips : Maria i Ideboden strikker fantastisk fine pulsvarmere..

Klem J.

Linda sa...

Når jeg ser slike fargerike bilder må jeg bare inn å se!
Herlig!

Ha en fin kveld!

Jill sa...

Kjempefine pakkelapper!
Enig med Jannicke, glenaset hvitt papir :-)
Jeg pakker fortsatt mine i gråpapir med gilde farger på båndet, syns det blir fint!
Har 1 julegave i hus.
Ha en fin ukestart :-)

Hyttehuset sa...

Så fine desse blei. Eg har knapt byrja tenke på jul, eller eigentleg ikkje det heller. Men no må eg igang. Takk for inspirasjonen du gir!
Ha ei fin veke!

Marte sa...

Ååå, så søte merkelapper:)
Blir fine på gavene;)

Christine C sa...

Fargerike og fine merkelapper...det er så gøy å lage slike ting selv :)
Jeg hadde gått for noe ensfarget papir...gråpapir var det første jeg tenkte, eller hvitt som jeg ser det nevnes over her. Det blir nok fint uansett. Ha en fin uke!

Patina-H sa...

Kjempefine til-frå lappar, ein enkel og god idè :)
Eg og er igang med gåvene, og lurar som deg, på korleis dei skal pakkast inn ... ? ;)

BlandetLoft sa...

Så fine de ble da! må si du har vært flink. Virkelig en god idè. Og jeg er heeelt enig med deg, det trengs ikike noen spesielle farger og mønstre selvom det er jul :-)