onsdag, juli 16, 2008

Hageselskap...

Håpar ikkje storasysto har noko i mot at eg legg ut litt inspirerande bilete frå hageselskapet i helga...?? Alltid lika kjekt å koma til dei! Takkar for kjempegod mat og ein koseleg kveld og morgon i hagen!
Søtsaker på pinne....
Punsj til store og små...
Gode salatar...
...med noko meir søtt til slutt! Herleg!

Her i heimen går det saaakte på fram... Men stova er snart ferdig malt (jippi!), bilete kjem snart....men golvet har me ikkje byrja på... Ting tar tid... min arbeidsomme mann arbeidar laaange dagar for tida, slik at me berre har nokre få kveldstimar til rådigheit...

Og ettersom eg har ei frykteleg aktiv og nyskjerrig lita "trulta" gåande to steg bak meg heile dagen, så får eg ikkje mykje gjort utan at ho søv....

Men no er det jordbæra som ventar...4 kasser med herlige jordbær skal bli til sylta!!

Ha ein fin dag!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Såg ut som de har hatt ein kjekk fest ja. Må sei eg e litt imponert over kor kreavtiv du er til å ta bilder. Nå har eg fått litt meir orden på min pc og, så nå kan de hende det skjer litt meir på min blogg utover og :-) Gleder meg til bilder av ståvo!

Blåbærpai sa...

MMM, det ser deiligt og avslappa ut!

Haust sa...

Hagen til søstera di ser skikkeleg koseleg ut! :)

Kristins Hus sa...

Hei !
Ser du har malt panel. Hvilken farge/fargenummer har du brukt? Skal gjøre det samme, og lurer litt på hvilken nyanse av hvitt som blir renest, penest, minst gul....
Hilsen Kristin