onsdag, desember 28, 2011

Gode juledagar...

Neidå, eg har ikkje forete meg eller kubba på sofane av utmattelse...
Eg er her!
Julaftan er behørig feira med besta, beste, bestemor (jadå, ingen vil heite farmor...hihi) og oss sjølve.
Åtte til bords gjekk akkurat.

Nissen kom og gjekk til stor skrekk og gru for dokkemor, som låg under
bordet så lenge det stod på...
Men blid og fornøgd etterpå (sjølv om ho er blitt litt skvetten når ho trur det bankar på...uffdå).
Me lagar god mat, og et den òg...
Det går i barneTV og spel, litt lufteturar har me òg klart å få til
(sjølv om Dagmar har vore på besøk her òg..skrekk og gru...)

Men me kosar oss, iallefall me som er heime.
Eg har ein mann som jobbar mest når det er uvær, difor har me ikkje sett mykje til han...
Men ingenting å gjere med det...

Litt besøk hjå famile har me vore mellom strømbrudd og vindkast, neste besøk er i morgon, det håpar eg me klarar må få til, trass meir uvær i vente.

Bileta er frå gode frokostar,
tid til TV-kikking og kos i sofaen.

Men sjølvsagt er det litt jobb med både store og små heime,
eg prøver så godt eg kan å oversjå klehaugen som veks ved vaskemaskina i kjellaren,
saman med alt julepapiret som står stabla og venta på ein vidstille dag...

Håpar du overser litt du òg!
God juleklem frå meg...

2 kommentarer:

takhøyde sa...

Så hyggelig romjul hos deg!!
Vi hadde heldigvis ikke besøk av Dagmar - men hørte nettopp på radioen at de meldte fullt storm i kveld!! Må nok ut å sikre litt!!
Klem Heidi :)

Fine Friminutt sa...

Hei! Så fine bilder:-). Julen er så deilig - da kan man både late seg og være sosial - alt med den største selvfølgelighet og med den beste samvittighet. Klesvask skal oversees så lenge som overhode mulig i julen mener jeg;-). Ha en fin kveld!