fredag, desember 23, 2011

Riktig god jul!

Då håpar eg at alle mine bloggvenner har senka skuldrene
(og kanskje teke eit lite glas vin..?),
Dagen der eg eigentleg berre skulle gjera litt "koseleg" vasking, enda vel eigentleg opp som
ein skikkeleg stress-dag.

Det eine tek det andre,
når eg fyrst skal vaske, må eg rydde,
når eg nett ryddar her og der, så må eg ta det og det, og kanskje litt i kjellaren òg...

Men uansett, er eg endeleg ferdige no!

Liten julebusk på kjøkkenet er alltid koseleg..

Den store "busken" i stova derimot har vore inn og ut heile tre gonger i dag!
Fyrst var det for høgt, og i staden for å klippe (meir) av toppen,
tok me det ut og saga det i stamma.
Så vart det ikkje beint,
me bala og bala...
Då ljosa var kome på og litt av pynten,
velta heile treet!
Å halleluja!
Sjølvsagt med knusande kuler...

(då er det viktig å behalde roen..hihi)
Eg bar treet ut eindå eingong,
etter å ha ribba det for pynt.
Mor (altså meg) saga og saga...
(Mannen i huset er ikkje heime i dag)

Og no står det altså ferdig pynta,
og me tør nesten ikkje puste...
Hahaha....
sjølvsagt redde for at det skal velte igjen...

Her fekk du nokre glimt av herlegheita,
jentene mine har stått for pyntinga heilt sjølve!

Me vart fornøgde til slutt.

Då vil eg ynskje alle mine kjekke tolmodige og snille
lesarar der ute i verda;
Ei riktig god og fredeleg jul!

(eg kjem nok innom att i jula òg..)

7 kommentarer:

Anonym sa...

Julehilsen fra meg som stadig er på besøk hos deg. Storkoser meg med de fine bildene dine av flott interiør. Hilsen Alexandra

Hyttehuset sa...

Me ønskjer deg og dine også ei fredfull jul i saman.

Haust sa...

Fine juletre, både det store og det lille! :)

God jul til deg og dine! ♥

Loppedilla sa...

Hehe! så bra at konene klarer sæ sjøl:) her i huset e det mannejobb å tilpasse juletreet og sage der mor i huset sier det trengs:) God jul!

Inger Johanne sa...

Hu hei, juletre er ikkje til å kimsa av:-) Vår vesle busk står overpynta og vaklar etter hardhendt barnepynting, dvs alt for mykje pynt på dei same svake greinene..hihi. Det er løye å sjå på engasjementet!
Håpar du får ei fortreffeleg jul, kos deg med familien samla!

Stor klem

Lavendelpiken sa...

Er ikke bare, bare med disse trærne som vi drar inn i stua hvert år, pussig greie egentlig, men åh så koselig!!
Ønsker deg og dine en riktig god jul også, takk for mye inspirasjon i 2011 ♡

Monica sa...

Så koselig julestemning hos deg. Ønsker deg og dine fortsatt fine juledager.
Juleklem fra Monica