søndag, desember 11, 2011

Julekrybba

Det er alltid stas å ta fram dei fiine figurane til julekrybba vår. Dei er kjøpt på nett frå Danmark hjå Nordhjem, for nokre år sidan. Eg har ikkje sjekka om dei har dei enno.

Men eg hugsar eg leita veldig etter fine figurar til den heimelaga stallen...


Veldig kjekt for 4-åringen å leike litt med desse figurane,
men ho vart veldig lei seg då sjølvaste jesusbarnet mista armen i fjor...

Etter det har det gått litt rolegare for seg i leiken med krybba...



I dag skal dagen gå med til innpakking av gåver.
Då set me på julemusikk, lagar litt gløgg,
og organiserar oss....Eldstejenta skriv på til-og-frå-lappane (for ho skriv finast..hihi)
yngstejenta pyntar lappane og mor sjølv pakkar inn...

Ha ein fin 3.søndag i advent!
God klem til deg!

2 kommentarer:

Fru M sa...

Åh så koselig.. Det så gøy ut med den lille familien. Synd han mista armen;-) KLem

linn sa...

nydeleg julekrybbe dykk har,
og eg likte veldig godt at dykk delar på oppgåvene ;)

god sundagskveld
og klem til deg