onsdag, desember 21, 2011

Juleferie!

Då var ferien min byrja!
Phu..
Alltid godt å kjenne freden som senkar seg,
og arbeidslysta som tek seg opp att...hihi

Med arbeid, meinar eg sjølvsagt å ta litt tak i heimen,
få orden på skap og skuffer,
vaska litt,
rydda i krokar og hyller...
Eg likar det faktisk!
(iallefall når eg er ferdig med dagens prosjekt FØR kl.10...ein onsdag føremiddag..)

Men eg har fleire prosjekt altså..

Bileta frå i dag er resultata frå Bergensturen vår i helga.
Øvste bilete er ei nydeleg lykt laga av Catrine Kullberg,
veldig fin...
Den Nydelege sukkerskåla på neste bilete har bestefar til kjærasten til eldsteguten vår laga,
utruleg fin! Og eg vart veldig glad då eg fekk den i bursdagsgåve...

Ein fin kjøkkenhanduk frå Rie Elise Larsen måtte òg bli med heim.

Såå kjekt å reise på juleshopping!


Hjå oss er det kome meir snø i natt,
kjekt!
Det blir eit nydeleg lys både inne og ute...

Skikkeleg julestemning med såpelukt i huset og snø ute!
Snakkast snart..

4 kommentarer:

takhøyde sa...

Herlig å få den gode stemningen i kroppen!! Nyt dagene som kommer!!
Jeg er så glad for at vi også har fått litt snø i natt - men den blir neppe liggende...
Juleklem til deg!
Heidi :)

ReVinyl sa...

Deilig med ferie!!

Den lykta var jeg så heldig å vinne hos NiB. Superlekker, naturlig og lun...

Fin jul te dæ!
Siw

Loppedilla sa...

herlig! en og en halv dag igjen på jobb så blir det juleferie her også:) kos dæ!

Brigg sa...

good juul Noralill!klem